Ein dag i demokratiets teikn

Ukraina-krigen, klima- og naturkrisa, s?rbarheiter i Noreg og utfordringar med fellesskapet, var blant dei mange tema som blei diskutert under Demokratikonferansen 2024.

Et panel med to kvinner og en mann snakker med samtaleleder p? scenen.

Panelsamtale om demokratiets status med professorane Siri Gloppen (UiB), Sirianne Dahlum (UiO) og Carl Henrik Knutsen (UiO). Samtaleleiar er Torbj?rn R?e Isaksen (samfunnsredakt?r, E24).

Foto: Ellen Jarli / UiO

– M?let v?rt er ? skape ein ny nasjonal arena for diskusjonar om demokratiets moglegheiter og utfordringar, sa direkt?r ved UiO:Demokrati Tore Rem.

– Vi forskarar er opptekne av at det trengs kunnskap om demokratiet. Samtidig treng vi alle saman kunnskap i og for demokratiet v?rt. Med Demokratikonferansen 2024 tar Universitetet eit tydeleg ansvar, sa Rem, og haldt fram: 

– Vi gjer dette fordi vi ser trugslane mot demokratiet internasjonalt, og fordi vi anerkjenner at vi treng ? utvikle v?rt eige demokrati. For ? forhindre utanforskap og bidra til deltaking, for ? styrke demokratiet i m?te med dei store samfunnsutfordringane.

Ogs? rektor ved UiO Svein St?len poengterte i sin tale at demokratiet ikkje m? tas for gitt.

– Derfor er UiO:Demokrati ei av tre tverrfaglege satsingar ved Universitetet i Oslo, og derfor er Demokratikonferansen etablert, sa St?len.

Tore Rem opna og leia Demokratikonferansen 2024. Foto: Ellen Jarli / UiO

 

– Eit grunnleggande sp?rsm?l

Kring 500 personar var samla p? Blindern for ? f?lgje konferansen. I tillegg f?lgde fleire hundre med via str?yming. Blant deltakarane var stortingspresident Masud Gharahkhani.

– Hugs dette: Eit fritt menneske har mange draumar, eit ufritt menneske har berre éin draum, sa Gharahkhani til eit lydh?yrt publikum.

For stortingspresidenten var temaet personleg.

– Uansett korleis vi vrir og vender p? det, s? er ikkje dette berre eit sp?rsm?l om system, men det er eit grunnleggande sp?rsm?l om korleis vi som menneske skal leve liva v?re. Kva rettar og pliktar vi f?r.

Realiteten, poengterte Gharahkhani, er at vi no lever i ei farlegare verd i dag, der rettar er truga og under press. Vi som lever i eit liberalt demokrati har eit ansvar for ? forsvare, utvikle og forbetre – men ogs? for ? st?tte dei som ?nskjer det same som oss.

Ogs? utanriksminister Espen Barth Eide deltok p? konferansen, han for ? diskutere om det finns h?p for eit framtidig demokrati i Ukraina. Han blei utfordra p? Noregs rolle i krigen og samfunnsbygginga av Aage Borchgrevink og Liliia Oprysk. F?r dette hadde Oxford-professoren Janina Dill dokumentert den overveldande st?tta til krigen blant ukrainarar, og peikt p? den demokratiske utfordringa dette representerer for dei som ?nsker kompromiss.

Vitskap for demokratiet

Demokratikonferansen 2024 blei arrangert av UiO:Demokrati, i 欧洲杯在线买球_欧洲杯投注网站推荐@ med Kunnskapsbyen i Oslo (Oslo Science City) og med st?tte fr? Sparebankstiftelsen og Oslo kommune.

UiO:Demokrati har p? eit dr?yt ?r vekse til ni aktive forskargrupper, der rundt 100 forskarar unders?ker demokratiet i stor breidd – fr? teknologiens betydning for demokratiet, vitskapens rolle i demokratiet, korleis demokratiet taklar kriser og kva argument som finst mot demokratiet.

– Vi forskar, men vi skal ogs? legge til rette for tverrfaglege utdanningstilbod om demokrati og, ikkje minst, formidle forskinga v?r og ta kunnskapen i bruk, sa Rem.

Kring 70 personar var aktive p? dei ulike scenene gjennom dagen. Blant bidragsytarane var, forutan ei lang rad leiande forskarar, Norsk Folkehjelps Raymond Johansen, Aftenpostens Trine Eilertsen, VGs Gard Steiro, NHOs Idar Kreutzer, LOs Liv T?rres og Julie L?drup, Oslo kommunes Marte Gerhardsen og Julianne Ferskaug, PST-sjef Beate Gang?s, Wellcome Trusts John-Arne R?ttingen, NORCEs Camilla Stoltenberg og Afrobarometers Boniface Dulani.

Samtalane blei styrt av eit riktig stjernelag: Jette Christensen, Torbj?rn R?e Isaksen, Shazia Majid, Umar Ashraf, Eirin Larsen og Kadafi Zaman

Programmet famna vidt, med m?l om ? gi ein status for demokratiet internasjonalt, nasjonalt og lokalt. Her kan du lese heile programmet.

Av Hanna Huglen Revheim
Publisert 24. apr. 2024 14:35 - Sist endret 24. apr. 2024 14:35