English version of this page

Forskar og gründer: God samfunns?konomi i betre behandling av betennelsessjukdomar

Forskar Geir ?ge L?set starta firmaet Nextera basert p? eiga forsking ved UiO. Han meiner innovasjon er ein mental tilstand som m? inn heilt fr? studiestart. Nextera sin banebrytande teknologi gjer det lettare ? utvikle nye, m?lretta legemiddel med f?rre biverknader til behandling av kroniske betennelsar og autoimmune sjukdomar og vil ha store samfunns?konomiske gevinstar.

Geir ?ge L?set med medarbeidarar i laboratoriet.

Fr? venstre: Sylvie Pollmann, forskar i Nextera, G?ril Berntzen, seniorforskar, og Geir ?ge L?set, forskingssjef og gründer, ser p? resultata fr? eit fag-dislay-fors?k Pollmann held p? med. Foto: UiO/Geir Holm.

I bioteknologifirmaet Nextera forskar dei p? kroniske betennelsar og autoimmune sjukdomar. I begge tilfelle g?r kroppen til angrep p? eigne celler og vev. Leddgikt (revmatoid artritt), diabetes, multippel sklerose (MS), narkolepsi og Chrons sjukdom er eksempel p? slike sjukdomar. M?let til Nextera er ? finne ut kva det er som set i gang og driv desse sjukdomane, for deretter ? lage m?lretta behandling.

Ukjente sjukdomsmekanismar

– I dag veit vi ikkje kva som gjer at nokre utviklar desse sjukdomane medan andre ikkje gjer det. Vi veit at immunforsvaret er direkte involvert og at ein spesiell type kvite blodceller kalla T-celler er n?kkelen, men vi veit ikkje kva desse T-cellene reagerer p?. For nokre av sjukdomane har vi genetiske mark?rar som peikar mot medf?dt risiko, men per i dag kan ikkje dette brukast til behandling, seier Geir ?ge L?set som er forskingssjef i Nextera.

– Vi forst?r rett og slett ikkje sjukdomsmekanismen. Det gjer at sv?rt mange pasientar ikkje f?r god nok behandling. Vi behandlar symptoma lindrande i den grad det er mogleg, og fors?ker ? bremse sjukdomsutviklinga. Ofte verkar ikkje dette godt, og det gir store biverknader over tid. Dei fleste av pasientane har livsl?pbehandling med kostbare medisinar over lang tid, og mange har redusert arbeidsevne. Dette gir store kostnader for samfunnet.

L?set har tru p? at Nextera sin teknologi vil kunne gi meir presis diagnose, og at den kan brukast til ? utvikle nye og meir treffsikre legemiddel mot kvar av sjukdomane. Dette vil gi betre effekt og f?rre biverknader.

Grunnforsking er motoren

Ved sidan ? v?re forskingssjef i Nextera er L?set forskar ved Institutt for biovitskap ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og ein del av professor Inger Sandlie si forskingsgruppe ved Senter for immunregulering (CIR). Dette er eit senter for framifr? forsking basert p? 欧洲杯在线买球_欧洲杯投注网站推荐@ mellom ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og Det medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo (UiO) og Oslo universitetssykehus.

N?kkelsp?rsm?let i forskinga til Nextera er: Kva er dei sjukdomsutl?ysande og drivande komponentane for kvar av dei autoimmune sjukdomane? ? finne svar p? det er grunnstammen i forretningsideen til Nextera.

– Arbeidet v?rt er basert p? djup forst?ing av grunnleggande immunologiske mekansimar som er det vi forskar p? ved Senter for immunregulering. Grunnforsking er motoren, understrekar L?set.

Teknologien til Nextera kan òg brukast for ? utvikle betre behandling for kreftsjukdomar.

– Det skjer ein revolusjon innan immun-onkologien i dag – kreftbehandling der ein mobiliserer pasienten sitt eige immunforsvar til ? kjempe mot sjukdom. Nextera arbeider aktivt med det innan blodkreft (leukemi).

– B?de ved autoimmune sjukdomar og kreft er immunforsvaret ute og k?yrer. Ved autoimmune sjukdomar angrip det celler det ikkje skal angripe, mens ved kreft angrip det ikkje celler det b?r angripe.

Samarbeider med stort legemiddelfirma om leddgikt

For at resultata fr? Nextera skal kome personar med autoimmune sjukdomar til gode, m? Nextera eller andre ta forskinga vidare. I haust inngikk dei avtale med Janssen Biotech, Inc., eit av dei farmas?ytiske selskapa i Johnson & Johnson som er eit av verdas st?rste legemiddelfirma

Saman arbeider dei med ? rette Nextera sin teknologi inn mot leddgikt som er ein av dei st?rste gruppene blant dei autoimmune sjukdomane.

L?set fortel at Humira, fr? legemiddelfirmaet Abbvie, som er det mest avanserte legemiddelet for leddgikt, og det mest innbringande legemiddelet i verda i 2015, berre gir symptomatisk lindring. I tillegg verkar det ikkje for mange av dei som treng behandling.

– Leddgikt er ein kronisk betennelse, men vi veit ikkje kva det er immunforsvaret reagerer p?. Derfor er behandlinga i dag ? dempe all betennelse. P? mange m?tar kan ein seie at ein skrur immunforsvaret ned p? l?g-gir for at pasienten skal f? det betre. Prisen ? betale er blant anna at ein blant anna blir mykje d?rlegare rusta til ? kjempe mot andre naturlege infeksjonar, og kanskje òg kreft.

Eksempel p? fag-display-fors?k
Eksempel p? fag-display-fors?k i laboratoriet. Foto: UiO/Geir Holm.

Unik og banebrytande teknologi

L?set er ekspert p? s?kalla fag-display. Han forklarer at dette er ein bioteknologisk metode der dei fusjonerer deler av immunforsvaret v?rt med bakteriofager – virus som infiserer bakteriar. Det er ei slags avansert fiskestang i reagensr?ret som de bruker til ? finne designarmolekyl som bind sv?rt sterkt og spesifikt til kvarandre. 

– Bruk av antistoff – kroppens eige m?ls?kande molekyl – revolusjonerte moderne medisin p? grunn av denne eigenskapen, og seks av dei ti mestselgande legemiddela i verda er basert p? antistoff.

– Og no har fusjonen mellom antistoff og fag-display revolusjonert moderne legemiddelutvikling. Humira er det f?rste av ei rekke siste-generasjons antistoff som har blitt utvikla med bruk av nettopp fag-display.

L?set fortel at ved leddgikt veit dei no kva delar av immunforsvaret som er p?verka – dei veit kva type molekyl som set i gang reaksjonane. Det er s?kalla MHC klasse II-protein – HLA II – p? norsk gjerne kalla vevsforlikelegmolekyl, men det er unntaket at ein klarer ? flytte desse molekyla inn i laboratoriet fordi dei er s? ustabile. Det har Nextera no endra med sin eigen teknologi som er eit heilt nytt og banebrytande verkt?y som verda ikkje har sett f?r.

– HLA-molekylet er ein genetisk mark?r for utvikling av autoimmun sjukdom og er det molekylet som aktiverer T-cellene som gir betennelse. Vi har laga verdas mest avanserte ”fiskestang” ved ? fusjonere HLA med fag-display. D? kan vi fiske i pasienten sine eigne T-celler som vi mistenkjer for?rsakar sjukdom og la dei sj?lve fortelje oss kva dei reagerer mot – d? har vi v?rt legemiddelm?l!

Les meir om MHC og HLA p? ndla.no.

Fr? idé til firma

L?set fikk ideen til fag-display-teknologien dei bruker i Nextera d? han var postdoktor i Australia i 2006. Selskapet kom opp ? st? med det private kommersialiseringsselskapet Bio-Medisinsk Innovasjon AS i 2009. Seinare har fleire idear utvikla i 欧洲杯在线买球_欧洲杯投注网站推荐@ med blant anna professor Inger Sandlie, blitt innlemma i selskapet gjennom lisens fr? UiO sitt innovasjonsselskap Inven2.

L?set har tidlegare erfaring fr? bioteknologifirmaet Affitech som produserte antistoff ved bruk av fag- display til bruk i m?ls?kande medisinar. Etter det har han arbeidd over ti ?r ved Institutt for biovitskap og Senter for immunregulering (CIR) som forskar i gruppa til professor Inger Sandlie. Samarbeidet med Sandlie og Senter for immunregulering (CIR) har if?lgje L?set vore heilt vesentleg for at Nextera har kunne utvikle seg til der dei no er.

No har han permisjon for ? konsentrere seg meir om selskapet som i dag har ?tte tilsette og som er eitt av mange sm? bioteknologifirma som held til i 欧洲杯在线买球_欧洲杯投注网站推荐@sparken i Oslo (Oslotech) der UiO er st?rste eigar.

– Innovasjon er ein mental tilstand

L?set er opptatt av at det m? byggast betre system for at unge forskarar skal f? testa ut ideane sine og bruke skaparkrafta si til ? bygge firma som kan skape arbeidsplassar. I tillegg til st?tte til framifr? forsking ?nskjer han seg meir kapital som kan g? inn i heilt tidleg fase i risikofylte prosjekt.

– Dersom vi samanliknar oss med Boston-omr?det som er det mest produktive biomedisinske klynga i verda, og som har Harvard University, MIT og Whitehead Institute, s? startar dei fleire hundre selskap for ? f? nokre som overlever. N?r vi til samanlikning startar berre nokre f? her ved UiO, kan vi risikere at ingen av firmaa overlever – det er et numbers game som er avhengig av meir enn god grunnteknologi. Vi m? f? opp volumet, og det m? v?re lov ? g? p? tryne, meiner han.

– Vi treng st?ttesystem rundt universitetet som kan ta imot dei unge som vil pr?ve seg som entrepren?rar, slik at ikkje dette berre handlar om eldre forskarar som etter fleire ti?r f?r ideane sine vidare gjennom andre. Innovasjon er ein mental tilstand ein m? byrje med i studiane. Ein m? aktivt legge til rette for entrepren?rane!

Eit risikovillig innovasjonsfond utanfor universitetet st?r ?vst p? ?nskelista til L?set.

Av Norunn K. Torheim
Publisert 25. jan. 2016 10:17 - Sist endret 22. mai 2016 13:50