Svertekampanjar, kongelege trugslar og gruslagde skjebnar

Kristian Holen Nymark har forska p? kampen om trykkefridomen, og kva den kosta.

Mann i bl? jakke og gr?nn skjorte i en park, tr?r i bakgrunnen

DISPUTERTE: Kristian Holen Nymark skreiv i si avhandling om korleis kampen om trykkefridomen tok form p? starten av 1800-talet.

Foto: Hanna Huglen Revheim, UiO.

– Det er interessant ? sj? p? kven som l?fter seg sj?lv opp til rolla som sosiale sensorar, seier Kristian Holen Nymark.

Tysdag 27. oktober disputerte han med avhandlinga ?Kampen om trykkefriheten: Karl Johan og den norske presse 1814-1844? ved Universitetet i S?r?st-Norge.

Bildet kan inneholde: jobb, begivenhet, 欧洲杯在线买球_欧洲杯投注网站推荐@, selskap.
Hilde Sandvik, Kristian Holen Nymark, Kai Peter ?stberg og Morten Nordhagen Ottosen.
Foto: Ruth Hemstad, UiO.

Dette er den f?rste ferdige doktorgradsavhandlinga i Offentlighetsprosjektet, ei av forskargruppene i UiO:Norden.

Kongeleg sensur

Med grunnlova fr? 1814 fekk nordmenn lovfesta rett til trykkefridom. Men dette gav ikkje automatisk lik rett til ? delta i den offentlege samtalen.

– Kongen og deler av embetsverket reagerte s?rleg sterkt mot b?nder og unge studentar som ytra at samfunnet burde endrast, seier Nymark.

Carl Johan som p? den tida var konge i Noreg og Sverige, dreiv i starten ein form for statleg sensur.

I avhandlinga si ser Nymark p? kvifor og korleis kongen pr?vde ? stoppe enkelte ytringar. Mellom anna ved ? presse Stortinget til ? gjere sending med posten s? dyrt at distribusjon vart umogeleg for opposisjonsblada.

Kanonkuler i Bj?rvika

– Det var skiftande politiske tider. I starten var Karl Johan s?pass aggressiv at dei m?tte gi han nokre sigrar. D? Stortinget var samla i 1821, henta Karl Johan inn ein gjeng med soldatar til ?vingsleir p? Etterstad, og den svenske marinen hadde kanon?vingar i Bj?rvika. Dette var ein heilt tydeleg beskjed fr? kongen om ? gjere som han sa, seier Nymark.

I starten lukkast kongen, mellom 1821 og 1826 var det ingen opposisjonsblader i Noreg. Alt var knebla.

Men motstanden auka, etter kvart kom motstand fr? b?de domstolar, Stortinget og fleire regjeringsmedlem.

– Det er ikkje noko som tyder p? at kongen blei meir liberal, min teori er at han rett og slett tapte. Ogs? i Sverige pr?vde Carl Johan i det lengste ? kneble motstemmene. Der enda det med oppt?yar i gatene p? slutten av 1830-talet. Alt blir vanskelegare for ein konge med oppt?yar i gatene.

Svertekampanjar

I tillegg til kongens strenge lovar, fekk opposisjonsblada ogs? sterk motstand fr? personar i embetsverket. P? det verste dreiv dei med regelrette svertekampanjer, fortel Nymark.

– N?r ein svertekampanje fekk st? p? trykk i fleire veker i Noregs st?rste avis, s? fekk det betydeleg tyngde. Fordi alle som leste aviser fekk den med seg. Offentlegheita var lita og fokusert, seier Nymark.

Ein som s?rleg fekk gjennomg?, var husmannssonen Peder Soelvold.

Soelvold dreiv eit blad der han mellom anna skreiv kven som ikkje burde sitte p? Stortinget, og kven han meinte at b?ndene burde stemme p?.

– Han blei kalla slange, vart skulda for ? ha stj?le pengar fr? sin eigen far og det blei hinta om at han hadde hatt seg med ei ?konfirmantinde?.

Bakgrunnen for svertekampanjen mot Soelvold, var at han hadde for stort personfokus i sin kritikk.

– Soelvold blei d?mt i to trykkefridomssaker. Innkallinga til rettssaka kom via brev medan han var p? reise, s? Soelvold visste ikkje om rettssakene f?r dommen falt. Der fekk han b?ter som han ikkje kunne betale og reiste fr? Christiania. Han m?tte trekke seg som redakt?r, og levde eit omflakkande liv som enda ganske tragisk.

Vil vise kampen

Nymark meiner det er p?fallande korleis ideala om ? kritisere sak og ikkje person, vart kasta til sides d? makta vart kritisert.

– Eg pr?ver ? vise at denne tidlege kampen om ? ha rett til ein plass i offentlegheita utan ? vere einige med eliten, er viktig for at vi seinare fekk eit st?rre meiningsmangfald, seier Nymark.

Ein samtale mellom danna individ er ikkje aleine det som skapar politisk endring, meiner han.

– For oss i dag er det heilt opplagt at alle skal ha dei same rettane, men det var ikkje dette argumentet aleine som skapa politisk ending. Folk m?tte vere villige til ? protestere. Dei vant fram ved ? ta til gatene, viste at dei var mange som krevja endring.

Publisert 30. okt. 2020 11:06 - Sist endret 23. feb. 2024 13:45