01. Besøk av internasjonale teknologileiarar

Fredag 29. april besøkte ETH Zürich si masterklasse for internasjonale teknologileiarar Forskingsparken etter ei heil veke i Noreg med besøk til blant anna Wilhelmsen, Yara og DNV. ETH Zürich er eit høgt rangert teknisk universitet. Masterklassa Master’s of Advanced Studies in Management, Technology, and Economics er eit toårig vidareutdanningsprogram for teknologileiarar. Så kvifor valde dei å kome til Noreg og Oslo for utanlandsturen siste semester? 
 
– Vi var ute etter eit land med ein økonomi som er basert på innovasjon og berekraft. Vi såg at Noreg har mange avanserte teknologifirma i sektorar frå mekanikk og elektroingeniørfag, jordbruk til helseteknologi samen med eit høgt utvikla utdanningssystem. I tillegg ser vi at offentleg og privat sektor i Noreg bevegar seg raskt med omsyn til digitalisering og ville sjå med eigne auge korleis dette skjer, og òg få innsikt i korleis Noreg har brukt naturressursar for å utvikle heile landet til gode for innbyggarane, seier Morgan Reino Altman, Daniela Stocker og Bastian Bergman som har ansvar for programmet og Noregs-turen. 

Foto

ETH

Kildefil

eth_class.jpg (1 280 x 720 px)  –  102,1 kB

Bruk av bildet

Opphavsrett på UiOs nettsider