Kva skjer med demokratiet?

Kva skal vi gjere for ? halde demokratiet ved like? Og kva ansvar har universitet og forsking for demokratiet si tilstand? Bli med p? lanseringa av UiO:Demokrati!

Rekke med mennesker som stemmer i en gymsal bak et bl?tt forheng

Foto: Colourbox

G? til str?yming av arrangementet

Krig, klima, folkehelse og energi – dei siste ?ra har det vore tett mellom krisene. Slik vert demokratiet stadig sett p? pr?ver. Men demokratiet er ogs? institusjonar, praksis, kvardag og kultur. Kva stilling har eigentleg demokratiet i ei stadig meir autokratisk verd?

Velkommen til lanseringa av UiO:Demokrati! Eit nytt tverrfagleg initiativ ved Universitetet i Oslo der vi rettar s?kjelyset nettopp mot demokratiet, i eit breitt perspektiv.

P? Domus Bibliotheca kan du f? h?yre om ei storsatsing innan demokratiforsking, lytte til poesi fr? ein forfattar driven p? flukt og la deg engasjere i panelsamtale om kor demokratiet er p? veg.

Program

  • Lett servering fr? klokka 17:00.
  • Fr? klokka 17:30 - Presentasjon av UiO:Demokrati.
  • Opplesing ved ICORN-forfattar Fatemeh Ekhtesari og Johanne Fronth-Nygren fr? boka ?Hun er ikke kvinne?. 
  • Samtale om demokratiets tilstand, leia av Ole Torp. I panelet sit leiar for Riksvalgstyret og tidlegare stortingsrepresentant Jette Christensen, forskar Carl Henrik Knutsen, dagleg leiar ved Pressens Hus, Guro Istad og milj?vernar Gina Gylver.

OPPDATERING: Shazia Majid m?tte dessverre melde avbud. Guro Istad, dagleg leiar ved Pressens Hus deltek i panelet.

Praktisk informasjon

Arrangementet er gratis, men krev p?melding.

G? til p?melding

Om du treng heis eller anna tilrettelegging ved bes?k, kontakt oss p? telefon 90131755.

Str?yming av arrangementet

Her kan du f?lgje Kva skjer med demokratiet? p? nett.

Om Domus Bibliotheca

Domus Bibliotheca er Universitetet i Oslo sin nye dialog- og formidlingsarena. Her kan du delta i debattar og samtalar og lytte til foredrag. Domus Bibliotheca er den venstre fl?ybygninga p? Universitetsplassen i Oslo sentrum.

Nysgjerrig p? kva som skjer hos oss? F?lg Universitetsplassen - UiO p? Facebook for spanande oppdateringar.

Sj? fullt program for Domus Bibliotheca

Publisert 31. jan. 2023 11:11 - Sist endra 26. nov. 2023 12:41