Podkast: Slik blir du ein god lesar

Om du ikkje tvingar deg sj?lv til ? lese vanskelege tekstar, blir du heller ikkje ein betre lesar, hevdar professorane Espen Ytreberg og Helge Str?ms?.

Studentar i kollokviegruppe p? campus. Foto Shane Colvin / UiO

Studentmassen er mykje st?rre no enn for ein generasjon sidan og difor ogs? meir mangfaldig. Dette skaper hovudbry for professorar som ynsker seg studentar som les attenhundretalslitteratur p? originalspr?ka. Illustrasjonsfoto: Shane Colvin / UiO

? omfamne pliktlesinga. Det er lett for professorane ? seie, tenkjer du vel, ein fullt forst?eleg tanke. 

For kanskje er du ein av dei n?rare 300 000 studentane som aldri har diskutert politikk og filosofiske tankeeksperiment kring middagsbordet. Kanskje ?t du middag ?leine i den papirbokfattige leilegheita dykkar fordi mor di var p? kveldsvakt og far din p? ein brakkerigg ein stad. 

Men fortvil ikkje.

I denne episoden av Universitetsplassen kan du h?yre Helge Str?ms?, professor i pedagogikk, og Espen Ytreberg, professor i medievitskap, enkelt forklare korleis vi alle kan trene oss til ? bli gode lesarar.
 

Dette l?rer du i episoden

Samtalen mellom Str?ms? og Ytreberg er proppfull av tips til gode lesestrategiar, til d?mes denne om annotering, alts? det ? ta notatar av det du les medan du les:

– Lesing, tenking og skriving heng saman p? tusen ustoppelege m?tar og b?r kombinerast, seier Espen Ytreberg.

Du f?r dessutan ei forklaring p? kvifor Helge Str?ms? ikkje synest det er fruktbart ? skilje mellom (lyst)lesing og analyse.

I tillegg reflekterer dei to kring kvifor:

  • du alltid b?r setje deg konkrete m?l for lesinga
  • ta pausar undervegs i lesinga
  • du ikkje treng ? vere s? disiplinert i lesinga
  • papirbaserte tekstar ser ut til ? vere betre enn digitale
  • du b?r vakte deg for overdriven bruk av sosiale medium
  • vi ikkje er s? kritiske lesarar som vi kanskje burde vere
  • korleis plikt- og lystlesing g?r hand i hand

Viktig ? ha ein plan for lesinga

Vi les stadig i nettavisene at ferske studentar ikkje kjenner seg f?rebudde p? krava dei m?ter p? universitetet.

Bildet kan inneholde: sko, bokhylle, hylle, bok, bein.
– Snakk med nokon om det du les! D? festar b?de teksten og temaet seg betre, seier professorane Helge Str?ms? og Espen Ytreberg, her i samtale om kva ei god oppg?ve er. Foto: Monica Bjermeland / UiO

Tekstane hos elfenbeinst?rnet er ofte lengre og meir kronglete enn tekstane ein f?r servert p? vidareg?ande eller plattformer som TikTok.

Helge Str?ms? ser tydeleg at dagens nye studentar treng hjelp til ? l?re seg ? bruke ulike tekstar som reiskap i kunnskapsutviklinga si.

– Difor brukar eg ein del tid saman med bachelorstudentane til ? g? gjennom korleis akademiske tekster ser ut, korleis dei er bygd opp.

– Eg ber dei ogs? bla gjennom og bli fysisk kjend med materialet dei skal arbeide med i l?pet av neste semester. I tillegg diskuterer vi korleis studentane kan bruke tekstene, seier Str?ms?.

Han understrekar: – Aller viktigast er det ? planlegge korleis vi skal bruke tekstane og kva tid vi skal lese dei.

Brua fr? vidareg?ande til universitetet

Espen Ytreberg og kollegaer har ogs? tatt grep for ? hjelpe nykomarane: P? Institutt for kommunikasjon og medievitskap tilbyr dei no eit eige emne i grunnferdigheiter, alts? lese- og skriveferdigheiter.

Noko av det f?rste Ytreberg gjer, ? be studentane tenke p? eit tema dei er interesserte i og dernest finne ein kunnskapsbasert tekst om dette temaet, gjerne ein popul?rvitskapleg. Denne skal dei s? lese.

– D? f?r dei inn i hovudet ord og formuleringar, setningar og avsnitt som dei kan bruke hos oss i akademia. Skiljet mellom allmennretta kunnskapslitteratur og akademiske tekstar er langt fr? vasstett, seier han.

M?let er ? skape ei bru mellom tekstar dei er vande med ? lese og skrive p? vidareg?ande og teksttypane dei m?ter p? universitetet.

Seinare er det inga b?n: Studentane m? ogs? utfordre seg sj?lve, meiner professorane. Det kjem dei ikkje utanom dersom dei skal bli gode lesarar.

– Om du ikkje stadig les utfordrande tekstar, l?rer du heller ikkje noko nytt, seier Helge Str?ms?.

Tr?bbelet med mangfald

Tyngst er dette for dei som berre har lest det dei har f?tt servert i grunnskule og vidareg?ande. Og dei er det fleire av for tida. F?r studenteksplosjonen p? 1980-talet var det berre kring 80 000 studentar i Noreg, mot dagens n?rare 300 000.

– Studentmassen er mykje st?rre no og difor ogs? meir mangfaldig. F?r kom dei fleste fr? godt m?blerte heimar der dei hadde ei bokhylle med mange b?ker som dei leste og snakka om. Slik er det ikkje lenger, seier Str?ms?.

Dette gir ei viss hovudpine til professorar som helst vil at studentane les attenhundretalslitteratur p? originalspr?ka.

– Men det er sj?lvsagt positivt at fleire vil ta h?gare utdanning, seier Str?ms?.

Ikkje minst er det bra for demokratiet. I ein mykje lest og diskutert Khrono-kronikk skreiv Ytreberg at makt og kunnskap framleis vil ?v?re konsentrert i samfunnets kunnskapsbaserte, lange og krevjande tekster?.

Makta, hevdar han i denne podkastepisoden, tilpassar seg ikkje studentane sine behov for tilrettelegging og tilgjengelegheit.

– Dei som skriv maktas verkelege tekstar – til d?mes Noregs offentlege utreiingar og filosofib?ker – er folk som ikkje tilpassar seg. Vi m? vere s?pass desillusjonerte at vi aksepterer at s?nn er makta. Ho har ein tendens til ? seie: ?Eg kjem ikkje til deg, du m? komme til meg?, seier Ytreberg.

Ingenting ? vente p?, alts?. God lytting, og god lesing!

Les meir

Overeveldet av pensum? Her er leseforskerens tips

Emneord: lesing, lesekrise, digitalisering, podkast, Studiestart Av Monica Bjermeland, Det utdanningsvitskaplege fakultet
Publisert 24. aug. 2023 09:29 - Sist endret 30. aug. 2023 14:57