English version of this page

Fr? on-grid til off-grid: – Rytmiske ideal har endra seg

F?r i tida var utfordringa ? f? maskiner til ? spele musikk p? slaget. I dag er utfordringa det motsette.

Klokkespillet i klokket?rnet i Gent

Klokket?rnet i den belgiske byen Gent spelar f?rehandsprogrammert musikk for innbyggjarane. Det kan klinge vakkert, men musikken blir spelt akkurat p? slaget – og gjev deg ikkje lyst til ? danse. Foto: Wikimedia commons

Maskiner har laga musikk i fleire hundre ?r. I Belgia og Nederland kan ein framleis h?yre musikken fr? eldgamle klokket?rn. T?rnklokkespel (carillonar) blir programmerte ved at sm? pinnar stikkast i hol i ein stor sylinder.

T?rnklokkespela har noko til felles med din eigen mobiltelefon: Dei kan spele musikken som menneske programmerer, og dei kan spele av seg sj?lve.

– Vi tenkjer lett at den digitale teknologien er ein revolusjon, og at alt er nytt. Men menneske har til alle tider vore interesserte i korleis teknologiar kan tilby kontroll over tidsdimensjonen i musikk, seier Bj?rnar Sandvik, musikkforskar ved RITMO Senter for tverrfaglig forsking p? rytme, tid og bevegelse, Universitetet i Oslo.

Musikken blir materialisert

Bj?rnar Sandvik
13. juni, 2023 forsvarer Bj?rnar Sandvik forsvare sin avhandling Time Tinkering: On Grids, Waveforms, and Techniques of Machine Rhythm

I doktoravhandlinga si har han sett p? ulike praksisar av det han kallar ?tidsflikking? (eng: ?time tinkering?), alts? teknikkar for ? eksperimentere med tid, struktur og rytme n?r musikken blir produsert i maskiner.

– Tiln?rminga mi er basert p? eit enkelt, men ofte oversett, premiss: Sj?lve konseptet maskinrytme f?reset ein prosess der musikken blir festa til, eller representert p?, eit fysisk materiale og slik ?fryst? i tid. Tida i seg sj?lv flyt utan stans, men medieteknologiar gjer det mogleg ? eksperimentere med plasseringa av lydar langs tidsaksen, seier Sandvik.

Menneske har gjort dette heilt sidan antikken, p?peikar han. Rutenett, s?kalla ?grids?, har vore heilt avgjerande.

– Skal du f? t?rnklokkespel eller speled?sar til ? spele rytmisk musikk, m? du setje pinnar i rett avstand til kvarandre. D? treng du eit rutenett; ein tidsakse ? feste hendingane til.

Slik er det ogs? i dag, p?peikar han.

– Mange av teknikkane som brukast for ? komponere og klippe i musikk med digitale verkt?y er moglege fordi musikken blir presentert til oss visuelt og grafisk, slik at vi har ting ? flytte p? langs ein tidsakse eller organisere i eit rutenett p? skjermen.

Les saken Lydens utseende: Fra usynlig til gjenkjennelig p? skjermer vi alle g?r rundt med.

Idealet har endra seg

I avhandlinga har han b?de sett p? den historiske utviklinga og p? tidsflikkinga i maskinmusikk i dag. Rutenettet har p?verka m?ten rytmar er blitt programmerte og forst?tt p? i ulike teknologiske epokar, forklarer han.

– F?r i tida var ofte utfordringa ? f? maskinene til ? spele musikk som allereie var komponert som notar p? papir. Dermed vart idealet ? overg? menneske sin evne til ? f?lgje notasjonen og treffe slaget. I den digitale tidsalderen er det motsett, seier Sandvik og utdjupar:

– Det er lett ? f? ei moderne datamaskin til ? spele rytme p? slaget. Utfordringa er ? f? han til ? g? av griden, og ? gjere det p? ein menneskeleg og kreativ m?te. 

Programma brukt i musikkproduksjon i dag tilbyr heilautomatisk tidskorreksjon av innspelingar. Det finst ogs? ei rekke andre funksjonar som kan synkronisere hendingar i n?yaktig same tempo p? ein felles grid.

– Dette gjer det meir interessant ? flytte enkeltelement for ? skape rytmisk friksjon.   

Har alltid eksperimentert

Menneske har alltid eksperimentert med ulike typar mikrorytmikk ved ? avvike fr? ei notebasert norm, if?lgje Sandvik. Dette har forma utviklinga av rytmiske sjangrar innan popul?rmusikk som jazz, rock, blues, funk og soul dei siste hundre ?ra.

– Men det var lenge komplisert, ressurskrevjande og tidkrevjande ? utforske slik mikrorytmikk i programmeringa av maskinar. Dette er ein av grunnane til at maskinrytme har hatt ord p? seg for ? vere ?mekanisk? og ?perfekt?, sj?lv om vi i dag ikkje lenger har slike avgrensingar.

Den nye standarden

Rundt tusen?rsskiftet skjedde det ei endring: Digital innspelingsteknologi gjorde det mogleg ? flytte p? tida i musikken p? ein ny og langt meir fleksibel m?te. Ein begynte for alvor ? eksperimentere med mikrorytmikk i popmusikk.

I dag er manipulasjon av tid p? mikroniv? heilt sentralt i komposisjonspraksisen til musikkprodusentar – faktisk den nye standarden, if?lgje Sandvik.

– Digital innspelingsteknologi gjer det mykje lettare ? pr?ve igjen og igjen med ulike plasseringar i tid. Ein kan gjere gjentekne innspelingar utan ? tape originalen eller lydkvaliteten. Ein kan gjere intrikat programmering, og ein kan ogs? plassere lyden der ein vil langs tidsaksen p? skjermen.

Du merkar det (nesten) ikkje

Som del av forskingsprosjektet Timing and Sound in Musical Microrhythm (TIME), har Sandvik i doktorgraden intervjua fleire produsentar av elektronisk dansemusikk (EDM) og analysert musikken deira.

– Det at nettopp denne musikken blir karakterisert som dansemusikk, kan for enkelte verke som eit paradoks. If?lgje rytmeforsking b?r musikk nemleg avvike fr? slaget dersom han skal gje groove og danselyst. Rytmane i EDM blir gjerne opplevde som f?reseielege og strengt on-grid, seier Sandvik.

Men if?lgje forskingsfunn, mellom anna fr? TIME-prosjektet, trengst det berre nokre f? millisekund avvik for ? skape groove – s? lite at du ikkje alltid merkar det ved vanleg lytting. I analysar av EDM har Sandvik og kollegaene sl?tt fast at produsentar gjer mange grep for ? skape groove og engasjere til r?rsle.

– L?tskrivarane jobbar hardt for ? oppn? rytmisk friksjon mot rutenettet, anten ved ? flytte lydane sitt anslag i tid eller ved ? endre p? lyden og intensiteten. Dette er heilt avgjerande for at musikken lykkast.

Av Silje Pileberg
Publisert 8. juni 2023 13:00 - Sist endret 8. juni 2023 13:00