English version of this page

Fritt samansett bachelorgrad

?nsker du ein annan fagkombinasjon enn du f?r i dei ordin?re bachelorprogramma p? UiO? I mange h?ve kan du sette saman ein bachelorgrad sj?lv.

Kva er ein fritt samansett bachelorgrad?

Dei fleste bachelorstudentane g?r p? p? eit tre?rig studieprogram, eit samanhengande og fagleg integrert studiel?p. Studieprogrammet er sett saman slik at dei ulike delane av programmet bygger opp under og utfyller kvarandre.

Ein fritt samansett bachelorgrad kan du sette saman sj?lv, innanfor nokre felles rammer. Graden m? v?re p? minst 180 studiepoeng og skal innehalde f?lgande:

  • Ei fagleg fordjuping p? minst 80 studiepoeng
  • Ei st?ttegruppe p? minst 40 studiepoeng
  • Examen philosophicum og eventuelt examen facultatum
  • Fritt valde emne

B?de den faglege fordjupinga og st?ttegruppa er emnegrupper. N?r du set saman desse, skal du ta utgangspunkt i UiO sine definerte emnegrupper. Ei emnegruppe er ein kombinasjon av emne som utgjer ei fagleg eining, kvalitetssikra av dei vitskapleg tilsette innanfor eit fagmilj?.

Ein fritt samansett bachelorgrad f?r namn etter den faglege fordjupinga i graden. Namnet blir enten "Bachelor i kultur- og samfunnsfag" eller "Bachelor i realfag".

Korleis f? tilgang til emne?

Enkeltemnestudent

Dersom du er enkeltemnestudent, kan du ta emne ved UiO utan ? ha opptak til eit studieprogram. Du har tilgang til ei rekkje emne som kan inng? i den faglege fordjupinga eller st?ttegruppa i ein fritt samansett bachelorgrad.

Merk at nokre emne berre er tilgjengelege for studentar som er tekne opp p? bestemte studieprogram. Desse kan du ikkje melde deg til som enkeltemnestudent.

Merk ogs? at programstudentar f?r melde seg til emna f?rst. Emna kan raskt bli fulle n?r enkeltemnestudentar tek til ? melde seg, s? du er ikkje garantert plass.

Slik foreg?r opptak til enkeltemne.

Programstudent p? eit bachelorprogram

Dersom du g?r p? eit bachelorprogram, kan du ofte velje andre emne enn dei som inng?r i programmet ditt. Desse emna kan du bruke til ? setje saman den faglege fordjupinga eller st?ttegruppa i ein fritt samansett bachelorgrad. 

Merk at nokre emne er tilgjengelege berre for studentar p? visse studieprogram. Les derfor emnegruppeomtalane n?ye f?r du tek til p? eit fritt samansett studiel?p.

Programstudent p? ei ?rseining

Dersom du g?r p? ei ?rseining, kan du halde fram som enkeltemnestudent, jf. ovanfor. Du kan utvide ?rseinga til ei fagleg fordjuping eller bruke ?rseininga som st?ttegruppe i ein fritt samansett bachelorgrad.

Merk at nokre emne er tilgjengelege berre for studentar p? visse studieprogram. Les derfor emnegruppeomtalane n?ye f?r du tek til p? eit fritt samansett studiel?p.

Du m? s?ke

Har du allereie ei utdanning p? minst tre ?r som tilfredsstiller krava? D? kan du s?ke om ? f? godkjent den som ein fritt samansett bachelorgrad og f? vitnem?l.

Les meir om kva graden m? innehalde, vitnem?l og korleis du kan s?ke

 

Sp?rsm?l?

Planlegg du ? bygge ein fritt samansett bachelorgrad sj?lv? Treng du hjelp til ? planlegge studiel?pet ditt? Kontakt fakultetet som er ansvarleg for den faglege fordjupinga du ?nsker ? ha med i bachelorgraden.

Kontakt studieinformasjonssenteret p? fakultetet

Publisert 3. okt. 2022 13:56 - Sist endra 21. des. 2022 12:02