K?benhavn 2021: Ingeborg Hjalland Ulla

"Fagmilj?a innanfor farmasi breier seg over landegrenser, og eg set pris p? ? ha kontaktar ogs? i Danmark innanfor farmasi. Det ? erfare at det ein har l?rt p? UiO faktisk er verdifull kunnskap i andre land ogs? er veldig motiverande."

Navn: Ingeborg Hjalland Ulla
E-post: ingeborg.hjalland.ulla@gmail.com
Utvekslingssted: K?benhavns Universitet (KU)

Studieopplegg

Eg var i K?benhavn p? v?rsemesteret, og hadde dermed fag i blokk 3 og 4. I blokk 3 hadde eg “Chronic Inflammation and Autoimmunity: From basic research to therapy”  og i blokk 4 hadde eg “Skin Immunology” og ?Contemporary Social Pharmacy”. To av desse faga tilh?yrer instituttet for immunologi men vart godkjent som valfag i masteren fr? FAI, og berre sistnemnde tilh?yrer i utgongspunktet farmasiutdanninga ved KU.

Tre kvinner p? piknik
Tur til Louisiana Museum of Modern Art. Foto: Privat

Eg tenkte i byrjinga av semesteret at dette var ? ta meg litt mykje vatn over hovudet, men det gjekk overraskande bra ? ta fag ved andre institutt ogs?. Eg hadde nokon andre fag eg ogs? gjerne ville ta (m.a. eitt danskspr?kleg), men d? gjekk ikkje timeplanen opp. Eg kunne ogs? tenke meg ? starte med to fag i blokk 3, og ha eitt i blokk 4, men eg er likevel glad for ? f? erfaring fr? litt andre type fag enn det UiO kan tilby. F?relesarane var i toppen i sitt fagfelt, so det var ikkje noko ? seie p? kompetanseniv?et!

Vi hadde nesten berre undervisning p? zoom, ettersom det var ganske strenge coronarestriksjonar den perioda eg var i K?benhavn. Det var lite obligatorisk, men veldig nyttig ? f? med seg dei f?relesningane som var. Det var heller ikkje mykje 欧洲杯在线买球_欧洲杯投注网站推荐@ mellom studentar, d? det var f? arenaer til ? bli kjent og ? faktisk m?tast.

Dei gruppeprosjekta vi hadde var mest gjennom zoom, men det funka heilt fint. ?Contemporary Social Pharmacy” hadde ein del gruppearbeid, og mot slutten av semesteret kunne vi m?tast fysisk, som var veldig kj?rkome. I dette faget hadde vi ogs? munnleg eksamen med fysisk oppm?te.

All undervisning f?regjekk p? engelsk, og sj?lv om eg er vand med ? ha pensumlitteratur p? engelsk var det nytt at  all undervisning, gruppepresentasjonar og eksamenar var p? engelsk. Dette er ein veldig god trening i engelsk fagterminologi og nyttig erfaring til seinare ettersom det meste av forsking blir spreidd internasjonalt. 

Oppf?lging fr? lokale studierettleiarar og koordinator ved UiO

Bilete av gate
Ei av mange nydelege gater. Foto: Privat

Etter ? ha f?tt utvekslingsplass ved KU fekk vi god oppf?lging via e-post p? diverse freistar for oppmelding til fag, diverse dokumentasjon og kva vi m?tte setje oss inn i. Dette var ganske greitt ? forhalde seg til, og eg hadde ogs? moglegheit til ? kontakte studierettleiarar ved KU dersom det var n?dvendig t.d. ved sp?rsm?l ang?ande val av fag.

Heilt i starten av opphaldet hadde vi ogs? ein kick off for utvekslingsstudentar der vi fekk god informasjon om korleis vi skulle kome i gong med semesteret, litt praktisk info og tips til opphaldet etc.

Ved andre sp?rsm?l om utfylling av skjema (t.d. Learning Agreement) var det nyttig ? kontakte studieadministrasjonen p? FAI for hjelp.

Sosiale forhold, bustad, fritid

Eg skaffa bustad gjennom ein facebook-gruppe for bustadar til leige i K?benhavn. Det var utruleg popul?rt, so det var litt vanskeleg ? skilje seg ut i mengda av interesserte. Men det gjekk p? eit vis (med litt flaks kanskje), men ein m?tte vere ganske aktiv med ? kontakte folk. Det g?r an ? f? bustad gjennom KU ogs?, men eg ville gjerne bu med nokon danske so difor pr?va eg ? finne noko anna.

Syklist p? sykkelsti i bustadgate
Sykling i K?ben. Foto: Privat

Eg enda opp med ei dansk student p? Bispebjerg i ytre N?rrebro, og var veldig n?gd med b?de ho og plasseringa. Avstanden til byen gjorde meg ikkje noko, d? det gjekk fort ? sykle til sentrum (15–20 min) men ogs? var kort veg til Utterslev Mose som var flott turomr?de (og perfekt til joggetur!). Eg betalte 5500 DKK i m?naden, som var ein del billigare enn ? bu midt i sentrum.  

Eg fann p? litt ting med roomien min (kanskje mest i starten), og etterkvart blei eg ogs? meir kjent med andre utvekslingsstudentar og folk i klassa d? dei sosiale restriksjonane letta. Eg hadde ein utruleg hyggjeleg klasse, s? det var ikkje vanskeleg ? kome inn i milj?et.

Vi var ogs? fleire fr? klassa p? FAI som var p? utveksling samtidig, so eg hadde mykje glede av at vi kunne bli kjent p? tvers av kvarandre sine sosiale nettverk. I tillegg opps?kte eg Sj?mannskyrkja i K?benhavn og vart ogs? teke veldig godt imot der, noko eg sette stor pris p?. Tinder fungerer jau ogs? i utlandet, so det er ogs? ein moglegheit for ? treffe folk :-)

Tips og nyttig informasjon

Syklist i kirseb?rtreallé
V?rblomstring av kirseb?rtre. Foto: Privat

Skaff sykkel! Det er nesten eit must i denne byen. Kjapt, g?y og utruleg praktisk. Eg leigde sykkel gjennom Swapfiets, og det var veldig enkelt og billig og passa bra sidan eg berre skulle vere der i eitt semester. D? slapp eg ? styre med ? kj?pe sykkel, men kunne berre leige ein som funka bra og kunne f? ny dersom han skulle bli ?ydelagt eller stj?le! 

Spar opp litt pengar i forkant, slik at du faktisk kan gjere ting du har lyst til n?r du er der utan d?rleg samvit. Eg hadde i alle fall ein dyrare kvardag i K?benhavn enn i Oslo, men det var jo ogs? det eg var innstilt p? og ville.

K?benhavn har so utruleg mykje flott ? by p?, so det er eigentleg berre ? la eventyrlysta blomstre og opps?ke nye ting n?r du kan.

Refleksjonar og utbyte

Eg sit att med veldig mange gode erfaringar etter dette opphaldet. Fyrst og fremst mestring av ? takle det eit utvekslingssemester i utlandet har ? by p? (ogs? under pandemi). Det er sj?lvsagt utruleg verdifullt ? bli kjent med folk fr? andre land, og dei relasjonane varer langt ut over det eine semesteret!

To kvinner med sm? danske flagg malt i ansiktet
Klar for ? st?tte Danmark under Fotball-EM 2021. Foto: Privat

Det faglege gjekk ogs? betre enn forventa, og det gjev ein veldig motivasjon til ? kaste seg ut i nye utfordringar seinare ogs?. Eg fekk friska opp engelsken min, det er alltid nyttig, og eg har no mykje betre forst?ing av det danske spr?ket! Fagmilj?a innanfor farmasi (som dei fleste andre) breier seg over landegrenser, og eg set pris p? ? ha kontaktar ogs? i Danmark innanfor farmasi.

Det ? erfare at det ein har l?rt p? UiO faktisk er verdifull kunnskap i andre land ogs? er veldig motiverande, og ein p?minning om alt ein faktisk har l?rt opp gjennom utdanninga. Eg hadde mykje ny motivasjon til ? starte p? neste semester etter ? ha kome tilbake til Oslo og UiO etter dette semesteret.

Eg sit att med ei erfaring av at verda utanfor Noreg faktisk ikkje er so langt unna som ein kanskje trur, og at det faktisk er fullt mogleg ? bu og jobbe i utlandet. Eg har nok utvida perspektivet for kvar eg ser meg sj?lv i framtida. Eg er veldig takksam for ? ha hatt moglegheita til ? ha ein kvardag i K?benhavn, for det er noko heit anna enn ? vere her ein helg p? ferie. Eg er normalt ikkje typen som svoltar etter utlandsturar og nye impulsar, men trivst godt i ein vanleg kvardag. Likevel kan eg seie at dette var ein fantastisk oppleving, og eg angrar 0% p? ? ha reist!

Vennegjeng p? restaurant
Fyrste tur p? restaurant etter corona-nedstenginga. Foto: Privat
Publisert 18. okt. 2021 06:44 - Sist endret 19. okt. 2021 08:05