Arbeids- og studiekrav V2011

Arbeidskrav

Studentane skal i basisgrupper førebu og gje ein munnleg presentasjon av ei gitt oppgåve/case. Sjå timeplanen "Tid og sted" for tidspunkt for utlevering og framlegg av case, for kvar basisgruppe.

Arbeidskravet må gjennomførast og godkjennast før studiekrav 1 og 2 kan innleverast.

 

Studiekrav

Studiekrav 1: Skriftleg gruppeoppgåve. Oppgåveteksten blir utdelt på forelesning veke 5, og basisgruppene etablert. Det vil bli gitt veiledning på oppgåva fram til endeleg innleveringsfrist (sjå under).

Studiekrav 2: Skriftleg individuell oppgåve. Oppgåveteksten blir utdelt på første ordinære undervisning, veke 3. Det vil bli gitt veiledning på oppgåva fram til endeleg innleveringsfrist (sjå under).

 

Innlevering av studiekrav (eksamensoppgåver)

Innleveringsfrist for både studiekrav 1 og 2 er 11. mai kl. 14:00. Oppgåvene skal leverast på papir,  2 eksemplar av kvar oppgåve, i opningstida til ekspedisjonen ved PFI;  kl. 09:00-11:00 og 12:00-14:00. PFI har ekspedisjon i 5. etg. i Helga Engs hus.

Alternativt kan oppgåvene sendast i posten. Konvolutten må då vere tydeleg poststempla innan fristen, og korrekt adressert: Pedagogisk forskningsinstitutt v/ Synnøve T. Hide, Postboks 1092 Blindern, 0317 Oslo.

Saman med oppgåva skal det leverast obligatorisk erklæring. Ved innlevering skal kandidaten kvittere på liste i ekspedisjonen.

MERK: Eksamensoppgåva skal kun merkast med kandidatnummer (ikkje namn eller studentnummer). Kandidatnummeret blir publisert i StudentWeb seinast ei veke før innleveringsfristen.

VED INNLEVERING AV GRUPPEOPPGÅVA: Alle på gruppa må signere på den obligatoriske erklæringa, og kandidatnummeret til alle gruppemedlemmane må stå på oppgåva. Det er ikkje nødvendig at alle på gruppa er til stades ved innlevering.

Mal for framside på eksamensoppgåver ved PFI vil bli lagt ut på Fronter. Formelle krav til skriftlege oppgåver ved PFI finn du her.

Sensurfristen er 3 veker etter innlevering; 1. juni 2011.

 

Publisert 26. nov. 2010 14:39 - Sist endret 8. mars 2011 12:22