Oppgjer, forsoning og attreising

75 ?r sidan frigjeringa 8. mai 1945

I samband med koronakrisa har ein f?tt kjenna litt p? gleda av eit samfunn som opnar opp igjen. Det er likevel ikkje mogeleg ? samanlikna denne gleda med den som braut ut i Norge 8. mai 1945.

Bildet kan inneholde: arkitektur, bygning, kolonne.

Universitetsplassen var et sted for feiring 8. mai 1945. Foto: UiO/Morten Kanne Hansen

Nederlaget ved Stalingrad i 1943, landgangen i Normandie i 1944 og frigjeringa av Danmark bare nokre dagar tidlegare, hadde alt gjeve h?p og peika framover mot denne dagen. Overgangen fr? ein gledelaus kvardag med matmangel, utan ytringsfridom og med fengsling og tortur av motstandarar av okkupasjonen, m? ha kjentes som ei indre v?rl?ysing.

Etter frigjeringa kunne Universitetet i Oslo opna for studentar igjen. Autorit?re regime har

Bildet kan inneholde: portrett.
J?rn ?yrehagen Sunde er professor ved Institutt for offentlig rett ved UiO. Foto: UiO

aldri vore komfortable med den frie og kritiske tanken. Difor oppstod det fort ei spenning mellom universitetet og okkupasjonsmakta. I november 1943 vart tilsette og studentar arrestert, universitetet stengt for undervisning, og meir enn 600 studentar sett i fangeleir i Tyskland. Ikkje alle kom tilbake til Norge v?ren og sommaren 1945.

Saman med gleda kom òg sorg og sinne over den urett og dei tap mange hadde lidd under okkupasjonen. Etterkrigsoppgjeret kom raskt i gang og var omfattande med tanke p? alle dei som vart stilt til rette for sitt forhold under krigen. Det er slett ikkje alt ved etterkrigsoppgjeret som er minneverdig, og det m? underleggjast same kritiske gransking som andre historiske hendingar. Likevel representerer det ein heilt ny m?te ? f? i gang forsoning og attreising p?.

Etterkrigsoppgjeret i Norge, som i andre land som hadde vore okkupert under Den andre verdskrigen, var eit stort framsteg i m?ten ? restarta eit samfunn p? etter ein krig. Gjennom ? rettsleggjera oppgjeret sette ein openheit og kontradiksjon framfor rein makt. Slik tok ein b?de avstand fr? metodane og framgangsm?ten til okkupasjonsmakta, og fekk eit stort, omfattande men raskt avslutta oppgjer som gjorde at ein kunne ta til med kvardagen igjen.

Sj?lv med sine manglar, peika etterkrigsoppgjera framover mot dei mange ulike oppgjer og forsoningsprosessar ein har f?tt etter krigar og n?r autorit?re regime har kapitulert, med S?r-Afrika, Balkan og Rwanda som d?me. Dei oppgjera og forsoningsprosessane har heller ikkje vore perfekte, men likevel eit endelaust betre alternativ enn ny undertrykking og valdsbruk.

Dei feirande menneska p? Karl Johan og Universitetsplassen 8. mai 1945 jubla fordi dei var fri undertrykkinga. Men dei jubla òg for framtida. Ein b?r ha begge deler i minnet ved markering av at det i ?r er 75 ?r sidan frigjeringa. For ein m? ikkje gl?yma lidingane autorit?re regime p?f?rer borgarane. Diverre er dette igjen eit h?gaktuelt tema. Ein m? heller ikkje gl?yma ? retta blikket framover og bruka kreftene p? ? byggja samfunn. Koronakrisa har minna oss p? kor viktig samfunn, fellesskap og samhandling er. Meir enn noko prega det forsoninga og attreisinga av Norge etter dei harde krigs?ra.

 

Av J?rn ?yrehagen Sunde, professor ved Institutt for offentleg rett
Publisert 8. mai 2020 07:16 - Sist endret 8. mai 2020 08:14
Foto: Jarli & Jordan/UiO

Rektoratbloggen

V?rt ?nske er at UiO styrker sin evne til samspill internt og eksternt. M?let er ? utnytte den enest?ende posisjonen vi har som hovedstadsuniversitet i en av de mest kunnskapsintensive regionene i Europa.

I Rektoratbloggen skriver vi om saker av stor betydning for UiO.

Foto: Jarli & Jordan/UiO