GDPR – Nytt, norsk personvernregelverk

EU har vedteke eit nytt og omfattande personvernregelverk – General Data Protection Regulation (GDPR) – som ogs? vil gjelde i Noreg fr? 25. mai i ?r.

Regelverket skal etter planen bli ein del av norsk lov fr? same dato og vil bety noko for alle som forvaltar informasjon som inneheld personopplysningar.

Regelverket gir eit felles europeisk regelverk for personvern og skal styrke europeiske borgarars rettar. Regelverket skal ogs? styrke tilliten til digitale tenester og samtidig gjere det enklare ? utveksle personopplysningar over landegrenser.

Merkbare endringar

P? UiO har vi starta eit prosjekt for innf?ring av det nye personvernregelverket. Prosjektet skal leggje til rette for at universitetet sine prosedyrar, rutinar og praksis, knytt til handtering av personopplysningar, er i tr?d med det nye regelverket. 

– Det vil bety at for dei som forvaltar informasjon som inneheld personopplysningar her p? UiO, kan forvente endringar. Heldigvis har vi p? UiO hatt fokus p? ? halde oss innanfor personvernregelverket opp gjennom ?ra. Det betyr at endringane forh?pentlegvis ikkje blir drastiske, men dei vil bli merkbare, seier prosjektleiar og jurist Maren Magnus Jegersberg. 

Innf?ring og oppl?ring

Ho har f?tt i oppg?ve ? leie ei utgreiing av konsekvensane av eit nytt regelverk p? UiO. 

– Prosjektet skal identifisere endringsbehov og s?rge for innf?ring av regelverket. N?r dette er i boks, vil vi g? i gang med oppl?ring av dei tilsette, seier ho.

– Arbeidet er viktig for UiO fordi det betyr endringar i arbeidskvardagen for b?de administrativt og vitenskapeleg tilsette, samt studentar. Vi er end? i startfasen, men vi gler oss til ? gjere personvernet til oss alle p? UiO end? sikrare, avsluttar ho.

Du kan lese meir om prosjektet p? denne nettsida. Nettsida vil bli oppdatert med relevant informasjon etter kvart som prosjektet g?r framover.

Vidaref?ring av dagens lov

Mykje av ny lov er ein vidaref?ring av dagens personopplysningslov. Dersom du ikkje har gjort det allereie, anbefaler vi difor at du tek ein kikk p? UiO sine eksisterande personvernsider.

Nyttige lenker:

Publisert 8. jan. 2018 10:37 - Sist endret 9. jan. 2018 12:49