English version of this page

Retningsliner?mot trakassering

Saman mot trakassering!

Bokm?l versjon av retningsliner

Arbeids- og studentmilj?et ved Universitetet i Oslo skal vere trygt og inkluderande. Alle har eit ansvar for ? sikre eit godt ytringsklima og bidra til ein akademisk kultur der alle finn det trygt ? ytre seg, uavhengig av alder, kj?nn, seksuell orientering, etnisitet, funksjonsnedsetjing, posisjon eller makt.

Lovverket forbyr trakassering p? arbeidsplassar og i utdanningsinstitusjonar. Med trakassering meiner vi handlingar, unnlatingar eller ytringar som har som f?rem?l eller verknad ? vere krenkjande, skremmande, fiendtlege, nedverdigande eller audmjukande.

Med seksuell trakassering meiner vi alle former for u?nskt seksuell merksemd som har som f?rem?l eller verknad ? vere krenkjande, skremmande, fiendtleg, nedverdigande, audmjukande eller plagsam.

Retningslinene utrykkjer forventningar til alle tilsette, studentar og ph.d.-kandidatar ved UiO i alle faglege og sosiale situasjonar b?de p? og utanfor UiO, ogs? i studentforeiningar.

  1. Vi skal m?te kvarandre med respekt og stoppe alle former for mobbing, maktmisbruk, rasisme, trakassering, diskriminering og seksuell trakassering.
  2. Ver open for tilbakemeldingar som gjeld eigen spr?kbruk og eiga framferd.
  3. Som leiar, rettleiar, undervisar, tilsett, studentleiar, kjellar-/foreiningsleiar og fadder er det forventa at du er s?rleg medviten om di eiga framferd, slik at maktubalanse ikkje vert utnytta, til d?mes for ? oppn? seksuelle relasjonar.
  4. Kroppskontakt, framferd og intim spr?kbruk som andre kan oppleva som seksuelt krenkjande skal ikkje finne stad.
  5. Det er ikkje lov ? sende eller vidaresende seksuelt lada tekstar eller bilete utan eksplisitt samtykke.
  6. Seksuelle overgrep skal meldast til, og bli etterforska av politiet.
  7. Unng? situasjonar som andre kan oppleva som utrygge eller u?nskte.
  8. Vis omsyn p? reiser, feltarbeid, praksis, utplassering og p? arrangement slik at ingen opplever situasjonen som utrygg.
  9. Alkohol kan auke risikoen for trakassering og seksuell trakassering. Dette inneber eit skjerpa ansvar for b?de arrang?r og deltakarar.

Grip inn og sei fr? dersom du opplever eller ser brot p? desse retningslinene. Ingen skal utsetjast for gjengjelding ved ? seie fr? om trakassering.

Leiarar ved UiO skal sj? til at retningslinene er kjende, blir haldne og at brot blir meldt og f?lgt opp.

Dette ansvaret gjeld ogs? for studentleiarar, tillitsvalde, fadderansvarlege og andre interne eller eksterne akt?rar som har ansvar for arrangement eller aktivitetar der tilsette, studentar eller ph.d.-kandidatar deltek.

Ved brot p? retningslinene kan reglane i statstilsettelova og universitets- og h?gskolelova kome til bruk.

Sj? ogs? Etiske retningsliner ved UiO.

Publisert 12. mars 2019 14:19 - Sist endret 22. juli 2020 09:59